Magnus Takvam gjestar Kvinnherad Senioruniversitet, i kinosalen på Husnes torsdag 14.mars kl 11.00. Marie Takvam (1926-2008) , var lyrikar og skodespelar og ein kjendis i si tid. Ho jobba i Barnetimen i NRK og spelte ulike filmrollar på 60- og 70-talet. Innimellom gav ho ut 10 diktsamlingar, to romanar, ei barnebok og eit par skodespel. Ho levde eit kompromisslaust kunstnarliv. – Ho hadde ei bohem-side, seier Magnus om mora.

Korleis var det å veksa opp som son av Marie Takvam? “Hun skrev for å kunne leve” er tittelen på boka Magnus Takvam skreiv om mora. Magnus vil i føredraget på Husnes torsdag 14 mars fortelja om diktaren og tilhøvet mellom mor og son. I boka skildrar Magnus en oppvekst som til tider var vanskeleg, men likevel med varme.

I føredraget har Magnus også med seg filmsnuttar der Marie les nokre av sine mest kjende dikt, og fortel om mora sin veg til å bli diktar og om livet sitt. Magnus Takvam arbeidde som journalist og kommentator i NRK i førti år, til han gjekk av for aldersgrensa i 2022. Han arbeider no som frittstående politisk kommentator.

Etter føredraget vert det enkel servering og ein god prat. Me minner om at Senioruniversitetet sine møte er opne for alle som har høve til å møtast om eit aktuelt emne på ein torsdag føremiddag.

Tekst: Pressemelding
Foto: Faksimile frå boka Hun skrev for å kunne leve
Nett: Kristian Bringedal