Du veit du er på Vestlandet når du ser det låge, avlange og som regel kvitmåla våningshuset med inngangsdør midt mellom stoveglasa i den symmetriske fasaden. Saman med den raude løa har dette huset prega gardstun og kulturlandskap i bygdene her vest sidan sist på 1800-talet. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har reist frå Jæren til Sunnmøre for å finna ulike variantar av denne bygningen. Dei drog for å sjekka ut korleis det står til med denne delen av kulturarven. Dei fann både forfall og vilje til å ta vare på dei gamle våningshusa.

Resultatet vart boka Vestlandshus som fortel ei spanande historie om ein samanbygd hustype med mykje historie mellom veggene. Eva Røyrane kjem til Senioruniversitetet i Kvinnherad torsdag 7. april. Ho tek publikum med på vestlandsreisa frå gard til gard. Blant anna blir det stopp i fleire tun som på ulike måtar har utvida eller bygd på gamlehuset for å skaffa meir plass til familieliv av i dag. Kvinnherad er rikt representert i boka.

Tekst: Pressemelding - tekst: Eva Røyrane
Foto: Framsida av boka Vestlandshus - foto: Oddleiv Apneseth