I dag var femte samling for den nye seniortrimmen som føregår i treningsapparata mellom kunstgrasbanen og Geilo kvar onsdag frå kl.10 og ein times tid utover. Tiltaket må heilt klart kunne karakteriserast som svært vellukka sjølv om frammøtet kunne vore betre. Alle som har vore med, er klare på at denne treninga gjer svært godt, og den er eit særs viktig supplement til vanleg turgåing.

Det er alltid kjekt når det dukkar opp nye deltakarar på treningsfeltet. I dag var Magne Huglen med på si første trening, og det varte ikkje lenge før den tidlegare så habile skøyteløparen uttalte seg positivt om tiltaket.
– Eg har jo kome i brukbar form etter mykje springing og gåing i fjell og skog i haust. Men eg treng dette i tillegg. Dette gjer godt for muskelgrupper som ikkje blir så mykje brukt då, konkluderte han kjapt. Den tidlegare læraren burde vita kva han snakka om. Kroppsøving var nemleg ein naturleg del i fagkretsen hans.

Elles gjekk treninga med godt humør, og god drøs om laust og fast innimellom. Kvar og ein tilpassa intensiteten etter behovet, og alle fekk eit godt utbyte. Nokre kombinerte også denne treninga med litt turgåing før eller etter. Ein perfekt miks!!

Dersom nokon har tenkt på å komma seg i litt betre form, er det ikkje noko å lura på. Det er berre å forsera “dørstokkmila” og koma neste onsdag kl.10. I tillegg til viktig trening får ein god drøs og sosialt fellesskap på kjøpet.

Treninga pleier å vare ein liten time, og den er for både damer og menn.

Drøsen går godt etter ei god økt. Både Stewart Mackay(t.v.), Kristian O. Bringedal og Magne Huglen er tydeleg fornøgde med treningsøkta dei nett har avslutta.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland