Det er tydeleg at mange tilreisande hentar informasjon om turmulighetene i området frå nettsida. Seinaste i går var to damer frå Stord på tur inn Børsdalen(bildet over) fordi dei hadde lest om det på uskedalen.no. Mange har oppdaga Klepp og Flåtene etter reportasjane våre om dei nye gapahukane der. Pålavegen er populær, og for 2 veker sidan snakka eg med eit ektepar frå Øystese med hytte på Ølve som tok turen opp den på el-sykkel før dei gjekk runden til Solfjell og Tverrfjell. Det er mange eksempel på at turistar brukar nettsida for å få tips til kjekke turopplevingar.

Mange har teke turen til Flåtene og Eikedalen.

Vi oppfordrar lesarane våre til å senda oss fine bilde og omtalar frå turane dei gjer. Vi veit det blir gjort mange kjekke turar, både lette turar og turar som er meir krevjande. Dette vil vera god info og inspirerande tips for andre, – både tilreisande og fastbuande. Det vil også vera god marknadsføring av den vakre bygda vår.

Send bilde og omtalar til uskedalen.no@gmail.com. Kristian Bringedal og underteikna kan også motta det på messenger.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Siv Framnes og Thor Inge Døssland