Semesterstart i Senioruniversitetet med Jørn Øyrehagen Sunde som førelesar.
De kan gle dykk til torsdag 4. januar. Då kjem professor i rettshistorie
Jørn Øyrehagen Sunde, opprinneleg får Uskedalen, og gjestar Kvinnherad Senioruniversitet kl 11. i Kulturhuset Husnes. Jørn er ein framifrå formidlar og føredragshaldar. Vg kjenner knapt hans make. Han har nett fått ein internasjonal pris for arbeidet sitt med juss-forskning og har i år gjeve ut to nye bøker. Føredraget vert med utgangspunkt i dette stoffet og norsk rettshistorie. Høyrest det tørt ut? Det lovar vi at Jørn gjer til skamme. Dersom du vil teikna medlemskap for 2024, send kr. 300 til konto 3460.13.31545.
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal