SELSTAD er ein internasjonal leverandør av kompetanse og utstyr til havbasert næring. Verksemda omsette for vel 625 millionar kroner, ein auke på 50 mill. kr frå året før. Driftsresultatet for 2022 ligg på 13 mill.kr som er vesentleg lågare enn i 2021. Årsaka er auka kostnader på råvarer, logistikk og energi. I tillegg kjem hard konkurranse i marknaden. SELSTAD har hovudkontor i Måløy. Verksemda har 9 avdelingar langs norskekysten frå Uskedal i sør til Trømsø i nord. Innan utgangen av året vil talet auka då ein opnar ny servicestasjon i Sørreisa i Troms. Bilete på topp syner Hans Petter Selstad, dagleg leiar i SELSTAD.

SELSTAD har ein av ni servicestasjonar på Børneset Næringsområde i Uskedalen.

Dagleg leiar, Hans Petter Selstad, skriv i pressemeldinga at verksemda også aukar kapasiteten ved servicestasjonane i Skottland og Island. Grunnrenteskatten bremsar noko på inesteringane i oppdrettsnæringa. Det gjer mellom anna at ein opererer i ein krevande marknad.

Egil Pile er lokal leiar i Uskedalen.


Tekst: Redigert frå pressemelding
Foto: Selstad/ Drone Hans Ordin Østebø
Nett: Kristian Bringedal