SELSTAD hadde stand i dag på LivOGLyst. Dei synte bøting, spleis og litt verktøy som vert brukt i produksjonen. På skjerm fekk alle sjå video frå verksemda SELSTAD. Konkurransen deira var å tippa antal masker i eit notstykke. Rett tal var 1717 og Daria Kotwicka kom nærmast med 1749. Egil Pile og Carina S. Johnsen representerte SELSTAD på Bygdadagen i Uskedalen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Harlad Sætre