“Selma sine mjølkekaker” har festa seg som eit begrep. Då veit at alle at det er Selma Eik. På vakta si på Kafe Tiaren stiller ho alltid med mjølkekaker. Astrid Haugse er ein anna bakar i Uskedal helselag. På Syng med oss på Rosendalstunet i går var det mjølkekaker både frå Selma og Astrid. Aud Haugland, Mariann Hauso og Selma Eik var i serveringa. Rustne Menn stod for musikken. Tre gonger i året er helselaget frå Uskedalen med på Syng med oss. Rustne Menn gjestar sjukeheimane i kommunen på det jevne kvart halvår. Syng med oss på Rosendalsunet fungerer godt med gode hjelparar. Ester Falk er ei av fleire i den faste staben. Det var som ho som yngste velkomen og takka for frammøte og innslaga frå Uskedalen.

Rustne Menn med allsongprogram.
Syng med oss på Rosendalstunet samlar alltid mykje folk.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal