Elevane ved Integrering og opplæring (Vaksenopplæringa) på Husnes arrangerte tysdag salg av vafler, kaffi og juice til inntekt for TV-innsamlinga «Barn, ikkje brud».  Det var elevrådet, godt støtta av kontaktlærar Cathrine Haugland, som stod for tiltaket, og dei brukte tida i første økta til å jobba på skift to og to for å ha ein stor stabel med nysteikte, velsmakande vafler klare til pausen. På bildet over ser vi Abdullah frå Syria, elevrådsleiar Mayesha frå Bangladesh som bur på Eik i Uskedalen, og Saromo frå Kongo som stod for salget.

Smil frå Kina, Thailand, Filippinene og Bangladesh i vaffelkøen. Monzour bakerst i køen er blitt uskedeling.

I den halvtimes pausen kunne deltakarane som kjem frå 15-20 ulike land, kjøpa vafler, kaffi og juice, og kosa seg med det.  Både seljarar og kjøparar var særdeles fornøgde, og tiltaket innbrakte 800 gode kroner til den viktige innsamlinga.

Tiltaket var eit ledd i at temaet «Barn, ikkje brud» som er ein naturleg del av undervisninga ved skulen i denne perioden.  Nokre klassar er alt godt i gang med temaet, medan andre skal ha det på planen utover i veka fram mot innsamlingssøndagen 24.oktober.
Kvart år pleier skulen ha fokus på denne viktige innsamlingsaksjonen, og fleire elevar har også delteke aktivt som bøsseberarar.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.