Uskedalsboka “Den nære fortida” er også å få kjøpt

Uskedal Friluftslag er godt i gang med å selja lodd i årets første vedlotteri. Etter ein svært god dag på laurdag, er represntantar for friluftslaget igjen på plass utanfor Spar Uskedalen tirsdag frå kl.11 og utover.
Inntektene frå lotteriet går til drift av Stemneplassen i Skårhaug der det har skjedd svært mykje godt arbeid siste åra. Ei stor oppussing gjer at møterommet er svært mykje brukt av over 10 faste årsleigarar og andre med eingongsleige. Dette rommet er eigna til svært ulike opplegg og er brukt både til musikkøvingar, møte, konfirmasjon, bursdagar og andre sosiale samanhengar.
Det er 3 gevinstar i lotteriet: 15, 10 og 5 sekker ved. Kvar sekk er på 80 liter. Kvart lodd kostar 100 kr, og kan betalast både med vipps og kontantar.
Dei som ikkje skal på butikken på tirsdag, kan sikra seg lodd ved å vippsa 100 kr pr. lodd til 60 55 65 (Uskedalen Friluftslag) så vil lodd bli registrert på betalaren.

På same standen blir det også mulighet til å kjøpa Uskedalsboka “Den nære fortida” for dei som ikkje alt har sikra seg boka som er blitt svært så ettertrakta. Den kostar 300,-kr, og kan betalast med vipps eller kontantar. Det er også mogeleg å kjøpa den inne i butikken og på bokhandlane i Rosendal og på Husnes.
Dei som ikkje er i Kvinnherad, kan vippsa 390,- kr til 76 38 03 (Uskedal Historielag) så vil dei få boka tilsendt. (Viss boka blir henta, kostar det 300,-)

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Kristian O. Bringedal