Arvid Hjelmeland saman med døtrene Malena og Andrea i seglbåt møtte Sommarskuta STATSRAAD LEHMKUHL i går ved Espevær. Dei vart filma og programmet ligg ute på nettet. Janne og Arvid Hjelmeland eig seglbåten saman med Janne Yri og Michael Røssland. Det er ein Bravaria 38 fot.

Arvid Hjelmeland fortel til uskedalen no at han var på tur og la seg til på Espevær måndag kveld. Sommarskuta gjekk frå Rubbestadneset, ut Sælbjørnen, på vestsida av Bømlo og Karmøy, gjekk sør om Skudneshamn og på nord i Karmsundet til Koperik. På ettermiddagen i 16 tida gjekk dei vest i havet for å møta Sommarskuta, for så å fylgja seglasen vel ein time.

Møte med Sommarskuta vest for Espevær. Seglbåten frå Uskedalen er merka med ring.

STATSRAAD LEHMKUHL gjekk for motor og drog faktisk frå båtfylgje. Men så hadde det seg slik at dei la inn eit stopp ved innseglinga til Espevær. Det vart gjort fordi dei skulle ta ombord eit parti røykelaks for lokal leverandør. Dermed nådde Arvid, Malena og Andrea att Sommarskuta og fekk koma nær på.

I innseglinga til Rubbestadneset fekk vi sjå ei anna skute frå Kvinnherad, nemleg SKIRNIR, ei Collin Archer skøyte bygd på Bergslagen på Sunde, for tannlege Opdal. Eigar no er Gerhard Eide i Høylandsbygd.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Skjermbilete frå NRK Sommarskuta