I dag har SeaDream Yacht Club avgang Oslo på sin fyrste cruiseseglas til Bergen med Rosendal som gjestehamn alt på fredag. SeaDream 1 og 2 var eit vakkert syn på sine reiser gjennom Storsund i fjor sommar. Turane går via Skagen i Danmark anten til Bergen eller Tromsø med retur til Oslo. Med eit års tid med lite cruisebåtar på fjorden vil det enno gå eit år før trafikken tek seg opp slik det var før pandemien.

SeaDream Yacht Club er eit personeigd rederi med to mindre skip. Passasjertalet er 112 gjester. Mannskapet tel heile 95 personar. Det er fyrst lagt opp til to turar Oslo – Bergen/ Bergen – Oslo. Så kjem to turar frå Oslo til Tromsø med mellomstopp. Rosendal er destinasjon på alle turane.

På ein av turane i fjor gjekk SeaDream gjennom Lukksund på si reise til Kvinnherad. Det er eit trongt farvatn, men likevel både djupne og breidde til å gå gjennom.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal