Harald Nilsen Tangen, med opphav og feriehus på Sanden her i Uskedalen, var nok ein gang i startoppstillinga for Viking i dag. Laget møtte då Sarpsborg 08 på bortebane. Dermed har det 20 år gamle fotballtalentet vore på banen i 8 av dei 9 seriekampane til eliteserielaget denne sesongen. Harald blei svært viktig i kampen frå sin midtbaneposisjon. Han scora nemleg sigersmålet då Viking til slutt vann 2 – 1. Etter kampen blei han kåra til banens beste på VG-børsen. Bildet er tatt på Sanden for eit par veker sidan.

Heimelaget hadde leiinga 1 – 0 ved pause, men i 2. omgang snudde Viking resultatet. Svenske Kevin Kabran utlikna på eit godt langskot om lag 10 minutt etter pause før Harald Nilsen Tangen avgjorde med eit smart og overraskande skot etter 84 minutt. Skotet blei avfyrt frå like utanfor høgre hjørne av 16 meteren. Det var det siste Harald gjorde i kampen, for like etter gjorde Viking-trenarane eit taktisk byte og sette inn forsvarsbautaen Runar Hove.

Unge Harald Nilsen Tangen har hatt ein svært god start på sesongen med mykje tillit og mykje speletid.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland