Uskedelingen Jarle Eik Saghaug og Anve Gausvik(bildet over) frå Herøysundet, som begge tidlegare jobba ved Auto 88 AS på Brekketoppen, startar no opp ny verkstad. Den nye verktaden ligg i næringsområdet like nedanfor Stripo på Husnes. Dei har no jobba i to og ein halv månad med å gjera klart lokalet som er næraste nabo til SIM. No byrjar dei å bli klare til å ta mot kundar.

Utsnitt frå Grenda.

Dei to fortel til Grenda at dei begynte å leika med idèen om å starta sin eigen verkstad i sommar, og sidan har ting berre balla på seg. No har dei brukt mange arbeidstimar og investert mange kroner, og dei har fått forma verkstaden akkurat slik dei ønskjer. Verkstaden var eigentleg bygt for å vera ein lastebilverkstad, og dermed er det ekstra takhøgd slik at dei også kan ta mot bubilar.
– Det er derfor vi har kjøpt litt vaksne innretningar slik at vi kan ta kjøretøy opp til 7,5 tonn. Så om ein har trøbbel med bubilen, så kan ein komma her, seier Jarle til Grenda. Dei legg også til at dei er sertifisert til å ta mot el-bilar. JA Auto vil tilby det meste med unnatak av lakk- og karosseriarbeid.

I starten vil det vera dei to som vil ha arbeidet sitt i JA Auto, men verkstaden er utstyrt med tanke på at dei skal få ein tredje tilsett.
– Vi vil først sjå det litt an korleis det går, men vi håpar heilt klart at vi skal klara å skapa arbeidsplass til fleire, avsluttar Anve Gausvik samtalen med Grenda.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Kjelde: Grenda
Foto: Avfotograferingar frå Grenda.