Samtalegudsteneste med konfirmantane - årsmøte i kyrkjelyden etterpå.
I morgon sundag 26. mars kl. 17.00, på Maria bodskapsdag, er det samtalegudsteneste med konfirmantane. Konfirmantane tek del i gudstenesta med ulike oppgåver. Liturg er sokneprest Kjetil Kringlebotten. Organist: Kantor Eva Megyesi. Det er offer til konfirmantarbeidet. Etter gudstenesta er det det årsmøte i kyrkjelyden. Soknerådet legg fram årsmelding og reknseskap for 2022. Det er elles ikkje meldt inn større saker til årsmøte. Noverande sokneråd utgjer nominasjonskomiteen til Kyrkjevalet 2023. Lista er klar, fire faste medlemer og tre varamedlemer. Kyrkjevalet er som kommunevalet, måndag 10. september. Det vert lagt opp til føråtrøysting. Velkomne til gudsteneste i Uskedalen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto