Samrøystes inviterer ti korkafè.
Laurdag kl.17 inviterer blandakoret Samrøystes til korkafè i Aktivitetshuset. Det ligg an til ei koseleg ettermiddagsstund der korsongen sjølvsagt står i fokus. Arrangørkoret sjølv skal sjølvsagt bidra til det, og i tillegg har dei gjestekor: Fjellkoret frå Øygarden. Samrøystes blir dirigert av sin faste dirigent Maria Malmsten, medan Jan Ludvig Jacobsen dirigerer gjestekoret. Innimellom korsangen er det tid til både allsong, åresalg og kaffi og kaker.
Inngangsbilletten kostar 100 kr.

Tekst frå plakat.
Foto: Privat
Nett: Thor Inge Døssland