Samla etterkomarane etter Margit og Knut Eide i den gamle skulestova på Haugland.
Borna til Margit og Knut Eide, Olga Marie, Arvid Johannes, Knut og Egil, samla etterkomarane til slektssamling på Haugland. Skulemuseet var fyrste innslag på progammet. Ikkje ein pult eller benk var ledig då dei nær på 30 deltakarane møtte fram til ein skuletime, laurdag kl. 12.00. Dei fire syskena har gode minne frå skuletida på Haugland. Knut var med på overføringa til nyeskulen nede i bygda. Læraren deira, Sigurd Haugland, var med på flyttinga. Han var ein god lærar som såg og fann det beste i kvar einskild. Etter timen på Haugland gjekk turen til heimetunet på Haugland. Slektsstemne vart avslutta med samling og fest på Vertshuset Perla.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Thomas Eide/ Kristian Bringedal