Åshild og Knut Sjøvall, nær 87 og 88 år, frå Uskedalen var i dag med då Eide fjordbruk inviterte til “laksedag” i Rosendal med tur til oppdrettsanalegget deia ved Hågardsneset på Snilstveitøy. Eide Fjordbruk, ein av pionerane innan havbruk, er ei lokal familieverksemd med produksjon av kvalitetsfisk sidan oppstarten i 1970. I dag driv tredje generasjon Eide Fjordbruk. Verksemda har ein årleg produksjon på 60 millionar laksemiddagar. Eide Fjordbruk har mellom anna matfisklokalitetar og anlegg i Kvinnherad, Nordfjord og i Osterfjorden. Dei er medeigar det nye landbaserte anlegget Ænes Inkubator.

Turleiar var Vidar Hjartnes, drifts- og personalsjef i Eide Fjordbruk.

Målet med dagen og turen til oppdrettsnalegget var generell informasjon om næringa og elles syna kva verksemda driv med. Turleiar var Vidar Hjartnes som er drifts- og personalsjef i Eide Fjordbruk. Rødnebåten Rygerfonn stod for skyssen. Kapteinen valde å ta nokre turar rundt Salmon Eye slik at alle kunne få sjå og fotografera installasjonen. Etter eige ynskje kunne ein gå omkring på anlegget, avgrensa til ein av fleire merdar. Borna fekk mata fisken.

Åshill og Knut Sjøwall var mellom dei eldste på turen. Dei søkjer kunnskap og vil vita meir om ei næring i vekst og som vi ofte les og høyrer mykje om, ikkje minst i miljødebatten. Ein kan meina mykje, men det krev at ein har kunnskapen og veit kva ein snakkar om.

I den eine merden, vi fekk sjå, er det 1000 laks, kvar på knapt ein kilo. Til jul er laksen klar for slakting. Då er vekta 7 – 8 kg. Eide Fjordbruk leiger inn brønnbåtar for transport til slakteri. Smolten vert kjøpt frå ulike anlegg, også frå Enæs Inkubator.

Rødne sin RYGERFONN la til ved ein av merdane på Eide Fjordbruk sitt anlegg ved Snilstveitøy.

Svein Rimestad, veterinær og tidlegare tilsett i Mattilsynet, var også med på visningsturen. Han har tidlegare jobba med fiskesjukdomar og dyrevelferd. Rimestad har mange gonger vore på tilsyn og inspeksjon i oppdrettsnæringa.

Frå Uskedalen var det med om lag 15 personar, born og vaksne.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal