Soknerådet inviterer i kveld til salmekveld i kyrkja kl. 18.30. Tilsaman ti salmar er valde ut med bakgrunn i ynskje frå sju personar. Metoden med salmeynskje er ikkje ny. Det har ofte vore brukt saman andre framføringar. Programmet i kveld inneheld berre kjende tekstar frå Norsk salmebok ( 2013 ). I tillegg vert det soloinslag frå kantor Eva Megyesi. På orgel framføer ho Mons Ledvin Takle: Med Jesus vil eg fara. På piano: Ragtime av S. Joplin. Det teiknar til å bli ein fin kveld. Velkomen skal du vera.

Kantor Eva Megyesi vil framføra to soloinnslag på salmekvelden.
Tekst: Uskedal sokneråd
Foto/nett: Kristian Bringedal