Førstkommande laurdag vil representantar frå skriftstyret i Uskedal Historielag vera på plass like ved dei fine hestane på Spar frå kl.11. Dei vil då selja boka “Den nære fortida”, og sidan det er ein del som ønskjer signert bok, vil det også bli mulighet for å få det denne dagen. Ja, om nokon ønskjer ei lita helsing, vil representant frå skriftstyret ordna det og. Elles er boka å få kjøpt på Spar i deira opningstid. I tillegg kan den kjøpast gjennom bokhandlarane i Rosendal og på Husnes, eller hos skriftstyret.
Salget til no har gått særs godt, og opplaget som var tenkt først, er passert. Heldigvis blei det auka betydeleg. Det er mange som har fortalt at dei ønskjer seg boka til jul, og skulle ikkje ønskjet gå i oppfylling, vil nok ganske sikkert muligheten for kjøp by seg etter jul og.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian Bringedal