Både bok 1 og bok 2 er å få kjøpt.

Dei aller fleste som har førehandskjøpt den andre boka i Uskedalsserien “Den nære fortida”, har no henta den, medan dei som skulle sendast, er sendt med posten. Fredag og laurdag er det ein ny mulighet for henting av førehandskjøpte bøker. Då er nemleg medlemmer i Uskedal Historielag på plass med bøkene på Spar. Dei vil vera der fredag frå kl.14 -17 og laurdag frå kl.10-14. Då kan ein henta førehandskjøpte bøker, ein kan kjøpa både bok 1 og bok 2 med vipps eller kontantar, ja, ein kan til og med få ei lita helsing i boka om ein ønskjer det.
Salget har til no gått strykande, og tilbakemeldingane har vore overveldane. Det er tydeleg at innhaldet blir godt motteke både av eldre og yngre lesarar. Faktisk er skriftstyret mest overraska over dei kjekke tilbakemeldingane frå den yngre garde. Boka/bøkene er utvilsamt eit særs godt julegåvetips.

Mange vil nok kosa seg med “DEN NÆRE FORTIDA” framover slik Åshild og Valborg Sjøwall gjorde på boksleppet sist laurdag.

Salget av bok 1 har også fått ei ny stigning etter at den andre boka kom ut. Skriftstyret prisar seg lukkelege over at dei auka opp opplaget med 100 til rett før trykking. Om ikkje hadde det forlengst vore tomt.
Historielaget er altså på plass på Spar laurdag og fredag, men om ein vil kjøpa boka/bøkene til andre tider, har SPAR den i butikken. Skriftstyret er svært takksame for den gode hjelpa dei gir.
Seinare vil boka bli selt i Helgheim under julegrantenninga den 1. desember, og under Jul i Rosendal 25. november. Truleg vil også representantar for historielaget delta med salg ved fleire anledningar.
“Den nære fortida” er sjølvsagt å få kjøpt i bokhandlane både på Husnes og i Rosendal.

Det er sjølvsagt framleis mogeleg å få kjøpt boka/bøkene for å få den/dei tilsendt. Då betaler ein 300,-kr pr. bok + 90,- kr i porto til vipps 76 38 03 eller til Uskedal Historielag sin konto 3207.37.5202. Hugs å skrive kva bok/bøker det gjeld og fullstendig postadresse.
Dei som bur i Kvinnherad, kan ta kontakt med Thor Inge Døssland (932 88 237), eller andre i skriftstyret, så blir det ordna både med kjøp og henting/levering.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland