Responsen på første boka i bokserien til Uskedal Historielag “Den nære fortida” har vore særdeles positiv. Mange sikra seg boka på det svært godt besøkte boksleppet på lørdag (bildet over, foto: Harald Sætre). Skriftstyret har allereie fått mange kjekke tilbakemeldingar, og dei er svært takksame for dei. Det gjev inspirasjon i arbeidet med dei neste bøkene.
Tirsdag kl.12.30-15.45 og lørdag frå kl.11 og utover, vil folk frå skriftstyret selja bøker på Spar Uskedalen. Då kan ein òg henta førehandskjøpte bøker.
Spar Uskedalen kjem også til å hjelpa oss med salg av boka framover.

tid