Særs vellukka med førehandsrøysting på SPAR.
Tilbodet når det gjeld førehandsrøysting har innehalde fleire nye ting. Bokbussen har blitt brukt som valgbuss med førehandsrøysting i nokre bygder medan det i Uskedalen og nokre andre bygder har vore røysting på SPAR-butikkar dei to siste torsdagane mellom kl.15 og 18. Dette har vore svært vellukka, og mange har nytta seg av tilbodet til å førehandsrøysta. På SPAR var det til tider kø og litt ventetid sist torsdag då 97 avgav si røyst i løpet av dei tre timane. Forrige torsdag var det om lag 40 som la stemma si i urna på butikken.
Det er framleis mogeleg å førehandsrøysta på rådhuset i Rosendal og biblioteket på Husnes fram til 8. september. I tillegg kan det røystast på utvalde dagar på Hatlestrand skule og Øyatun skule.
Tendensen er at stadig fleire røystar på førehand, men valdagane 10. og 11. september blir det tradisjonell røysting i Rosendal og på Husnes, medan det blir røysting på Hatlestrand og Halsnøy mandag 11. september.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Kristian Bringedal