Det var særs mykje folk samla då julegrana blei tend fredag. Rundt sjølve tenninga var det eit flott, variert og innhaldsrikt arrangement. Alt klokka 16 opna ei veldig kjekk julemesse i Helgheim. Den var akkurat passe stor og samstundes med god variasjon med populære og spennande standar. Samstundes opna russen sin kakekafè i Gamleskulen og ungdomslaget sitt grautsalg i kjellaren i Helgheim. Børsdalsnissen var med og skapte julestemning både ute ved grana, i Helgheim og i Gamleskulen. Siste post på programmet var minikonsert med Singing Tweens og open mikrofon i kyrkja.

Veteranbandet måtte i år spela innandørs pga kulden. Prøvespeling tidlegare på dagen viste at ventilar og slidar fraus

Alt frå kl. 16 trekte folk inn i Helgheim, og då klokka runda halv fem var det tett med folk i lokalet. Dei var rundt på dei spennande standane, kika og handla, og drøsen gjekk godt. Julestemninga var der. Her var det god variasjon og mykje interessant. Kjøtmat og fiskemat, haringekaker, eplemost og honning, og smakfull sjokolade- og kakekunst frå tilflytta belgisk konditor. Flotte tekstilarbeid, og allsidige og dyktige Gaute Haugland sine kunstverk i ulike uttrykksfomer. To unge jenter hadde vore ivrige og laga masse flotte armband og andre perleting. Svært spennande var det at Mayesha Samiah opphaveleg frå Bangladesh stilte og utførte kunstforma hennamaling. Uskedalsbøkene i serien “Den nære fortida” var og på plass.

Belno Sukkerfe hadde m.a. desse kunstfigurane som ho hadde laga.
Knallgod konfekt og kaker i kunstverdig utførelse.
,Ein annan kunstnar, Gaute Haugland, saman med sonen Lavrans og faren Pål. Han hadde med mykje flott m.a. eit rikt utval av ringar.
Flotte treprodukt og bilde. Her kunne ein få to bilde for prisen av eitt. Det var nemleg bilde på baksida og!
Mayesha Samiha frå Bangladesh viste fram henna-kunsten.
Flinke jenter fra Sandvoll selde fine ting dei hadde perla sjølv.
Astrid Haugland selde bøker for Uskedal Historielag. Her er ho saman med Tina Kjerland frå standen til Gaute Haugland.

Frå kl.16.45 spela Veteranbandet i UML juletonar. Presis kl.17 blei julegrana tend for 61. gang før bandet fortsette med nokre juletonar. I det grana blei tend dukka den mest populære for kvelden, Børsdalsnissen, opp i folkehopen ute ved grana. Til glede for alle tusla han rundt, song, tralla, snakka med barna og delte ut gåver til dei. Han var innom både Helgheim og kafèen i Gamleskulen. Å få besøk av ein heilt skikkeleg nisse er av uvurderleg verdi for eit slikt arrangement.

Hjønnevåg var på plass med lutefisk, andre fiskevarer og smaksprøvar.
Kjellaug på Holmen sine haringekaker er ein sikker slagar på slike marknader.
Eik Gard er kjend for god eplemost og honning.
Friheim Gardsmat er ein sikker vinnar!

Underteikna hadde ikkje mulighet til å vera andre stader enn i Helgheim, men tilbakemeldingane er eintydige. Heilt supert!! Grauten i Helgheimskjellaren var så populær at det gjekk tomt før det var slutt. På kafèen blir det meldt om til tider lang kø, og at russen stilte med god bakst. Nelly Kjærland melder og om ei svært vellukka stund i kyrkja. Publikum talde i overkant av 50, og Singing Tweens hadde ein minikonsert før det var open mikrofon. Då blei det framført 4 songar. Her var Mia Emilie utkledd som engel og delte ut roser då Amber og Mari song Fly lille engel.
Veldig flinke songarar, og neste gong kan vi kanskje håpa at endå fleire melder seg til open mikrofon.

Marit Grønstøl hadde mykje nydelege sy- og strikkeprodukt.
Laga på Holmen viser at Gina er ein meister med symaskinen!!

Arrangementet var i år i regi av LivOGLyst-gruppa med Kari Bråtun i spissen. Dette var så vellukka at det forhåpentlegvis blir ein fast leist for dette tradisjonsrike arrangementet i dei kommande åra.

Jentene i Singing Tweens song vakkert under minikonserten i kyrkja.
Amber og Mari song Fly lille engel medan Mia Emilie delte ut roser utkledd som engel.
Erle Marie framførte den fine julesongen Ei stjerne skinner i natt.
Børsdalsnissen skaper alltid julestemning.
No lyser julegrana vakkert!
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kari Bråtun, Tina Kjerland, Harald Sætre, Nelly Kjærland og Thor Inge Døssland