Særdeles god salgsstart på "Den nære fortida 4".
Bøkene kan også kjøpast på nett.
Laurdag markerte Uskedal Historielag starten på førehandsalget av den fjerde boka i Uskedalsserien “Den nære fortida”. Fram til 15. oktober kan den kjøpast til redusert pris, 250,- kroner. Boka blir lansert på boksleppet i Helgheim laurdag 7. november.
Det var svært mange som møtte opp og ville sikra seg boka alt no. Til tider var det kø. Boka kan også kjøpast på nett ved å vippsa til 76 38 03 eller ved å betala til konto 3207.37.52026. Då er det svært viktig at alle skriv kva betalinga gjeld. Viss ein ønskjer boka tilsendt, må ein betala 90 kroner i tillegg til porto. Om ein har spørsmål, kan dei rettast til mobil 932 88 237.

I tillegg til at det vart ein svært god start på salget av den nye boka, var det også nokre som sikra seg både bok 2 og 3 i serien. Restopplaget av desse blir no selt til tilbodspris 200,- kr. I tillegg var det også fleire som nytta høvet til å betala medlemskontigenten som er 200 kr. i året. Betalande medlemmer får eit eksemplar av bok 4 til 200 kr, og i tillegg støttar dei opp om arbeidet i historielaget.
Den flotte og innhaldsrike utvandrarboka “Med von om ei betre framtid” om uskedelingar og folk med uskedalstilknyting frå andre bygder som reiste til Amerika, kan ein og kjøpa.
Alt dette kan ordnast ved å vippsa til 76 38 03 eller betala inn til konto 3207.37.52026. Hugs å skriva kva innbetalinga gjeld.
Prisar finn de i lista nedanfor:

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland