Av mange kandidatar er Rødsten Bilforrretnng kåra til Årets bedrift i Kvinnherad. Det er Kvinnherad Næringsservice som lanserer og tildeler prisen. Verksemda S Rødsten Bilforretning hadde i 2022 ein omsetnad på 69 millioner. Det er ein kraftig vekst frå åra før. Dette fører til gode resultat i ein bransje med stor konkurranse. Mange har merka seg Rødsten Bilforretning både lokalt og i bilbransen på tvers av landet. Verksemda er solid driven og ligg sentralt til i Kvinnherad. Dagleg leiar er Vegard Jekteberg. Bilete syner f.v: Christian R. Tofte, Christos Sandvik, Joakim Botten, Vegard Jekteberg, Lars Martin Feet, Krzysztof Kuznik og Christin Gjerde.

Vegard Jekteberg fortel til uskedalen.no at han er stolt av å vera ein del av ein gjeng som står på for kundane og for kvarandre kvar dag. Tildelinga av den ærefulle prisen er eit resultat av godt arbeid av alle dei tilsette, ein gjeng som syner stolthet for faget og som yter god kvalitet og kundeservice.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal