2021 blei eit nytt godt salgsår for S. Rødsten Bilforretning AS i Herøysundet. Med 200 selde bilar sette dei ny salgsrekord. Bil nr. 200 blei seld kl.18 dagen før nyttårsafta, og av dei 200 var det 92 nye bilar og 108 bruktbilar.
Dagleg leiar Vegard Jegteberg er sjølvsagt svært så fornøgd med rekordsalget. Ekstra fornøgd er han sidan dei berre sel personbilar og ikkje har varebilar i sortimentet sitt.
Han fortel og at dei allereie denne månaden trekkjer har fram eit spennande kort for salgsåret 2022. Mandag 24.januar frå kl. 9 til 12 er det nemleg førvisning på den nye heilelektriske modellen til Subaru, Solterra.

Dagleg leiar Vegard Jegteberg fortel at dei har mange trufaste kundar frå Uskedalen, – mange her frå bygda har også handla bil hos dei i året som gjekk ut. Han fortel vidare at dei forhandlar bilmerka Kia og Subaru. Av dei 92 nye bilane som dei selde, var heile 74 heilelektriske. Det var dermed Kia det gjekk klart mest av dei to merka.
– Kia utgjer 20% av nye bilar selde i Kvinnherad, og det er vi svært fornøgde med, seier Jegteberg før han legg til:
– Dette året har vi også forhåpningar om at Subaru-salget kan gjera eit godt byks oppover. Vi har nemleg store forventningar til den heilelektriske modellen Solterra, som no blir lansert.

Vegard Jegteberg har store forventningar til El-bilen Solterra som blir vist fram på S. Rødsten Bilforretning AS den 24.januar.

Jegteberg fortel vidare at dei er så heldige å ha førvisning på denne flotte nye modellen i butikken mandag 24.januar frå kl. 9 til kl.12.
– Då håpar eg at mange kjem for å ta ein titt på bilen som kanskje blir årets salgsuksess, seier han og legg til at dei som bestiller den då, vil få den allereie i juni.

Dagleg leiar Vegard Jegteberg avsluttar samtalen med å takka alle som var innom dei i fjor, og han ønskjer både eksisterande og nye kundar velkommen dette året. Han lovar at dei skal gjera sitt beste for at kundane skal bli fornøgde, enten det gjeld bilkjøp eller verkstadtenester.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Pressefoto og Thor Inge Døssland