Ryddar, planerer og gjer det fint ovom stranda på Sanden.
Tre grunneigarar er saman om å rydda og planera eit areal som ligg mellom tunet på Sanden og stranda, langs turvegen og tett ved SPAR og Sandakaien. Haugland Maskin gjer jobben med å ta bort ris, kratt og gamle røter. Det vert lagt ut mold på den om lag 50 meter lange stripa, sådd og gjort klart for robotslåing. Arbeidet vil letta og forenkla vidare vedlikehald. Arealet er i privat eige. Ein del av område er avsett til nausttomter.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal