Dugnadsgruppa starta i haust arbeidet med rydding i strandsona på Stølavikjo. Det er eit parti som ligg på Myklebust mellom ein fritidseigedom og naust tilhøyrande bnr. 36, Solstad. Turvegen rundt Neset går framom. Ryddinga opnar også opp for betre utsikt frå skulen og barnehagen

Audun Eik i Dugnadsgruppa fortel at arbeidet så langt er avgrensa til rydding og felling av nokre tre. Den svartelista planten parkslirekne har vore i ei plage i dette område. No er landskapet opna og rydda. Muren frå ein tidlegare snikkarverkstad kjem fram og er godt synleg.

Stølavikjo er i privat eige. Arbeid over tid har ført til ei vakker strand med naust og opne flater.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal