Rustne Menn var onsdag i denne veka invitert av Optimisten til den fyrste”syng med oss” samlinga på Halsnøytunet i det nye året. Frammøte var meir enn venta og arrangøren måtte fylla på med stolar, koppar og fat. Optimisten er ein trivselsskapande gjeng på Halsnøy som 2. kvar onsdag steller til song og sosialt samvære på Halsnøytunet. Dei frivillige er delte inn i grupper som har det fulle og heile ansvaret for kvar sine arrangement, alt frå planlegging, praktisk gjennomføring til det å skaffa underhaldning. Dei som er nye, får opplæring. Rustne Menn song og spelte i to avdelingar. Konserten vart avslutta med Hurtigrutesangen der ein av gjestene fekk i oppgåve i slå på skipsklokka. Sjå bilete på topp.

Nytt år og nye arrangement i regi av Optimisten på Halsnøytunet.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat