I morgon, torsdag, reiser Rustne Menn til Jondal på dagturne. Gruppa er engasjert av Jondal Frivilligsentral og skal ha to konsertar, den eine i Skyttarhuset på Sollesnes, den andre på Vikevollen alders- og sjukeheim i Jondal. Rustne Menn legg opp til eit allsongprogam med eige songhefte. Nokre av låtane er frå eige repetoar, mellom anna med tekstar omsett av Svein Rimestad. Dersom det høver slik, deler gruppa ut rytminstrument og publikum vert på den måten engasjerte og aktiviserte som ein del av konserten. På Sollesnes er det samling for eldre med middag og sosialt samvære, tilsaman 70 – 80 gjester. På Vikevollen samlast mellom 20 og 30 beburarar til allsong.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Rolf Lothe - arkivfoto