Med redusert mannskap i ei vanskeleg tid har Rustne Menn og Trio Taffel funne saman og samarbeider om konsertar og oppdrag. I dag hadde Rustne Menn lovd seg til Optimisten på Halsnøy. Med støtte frå Tor Bjelland og Hans Gertz let det seg gjera å gjennomføra innslaget på Syng med oss på Halsnøytunet. Til opning sa Tor Bjelland fram minneord, ei kort melding om at Steinar Haugan døydde på Haukeland sjulehus sist laurdag. Steinar var primus motor i Trio Taffel og har ofte vore med på Optimisten sidan gruppa vart starta.

Knapt ein stol var ledig på Dill i dag då Optimisten inviterte til Syng med oss.

Rustne Menn er utan bassisten Tore Nordahl-Pedersen grunna sjukdom. Difor treng begge gruppene kvarandre. Med øving kvar tysdag finn dei fram til eit repetoar som fungerer. Neste oppdrag er Kafe Tiaren tysdag 25. mars.

På Halsnøytunet framførte Rustne Menn og Trio Taffel 10 nummer. I tilegg framførte gruppa med Hans Gertz på munnspel All of me og When you`re smiling. Pensjonistane likte det dei fekk høyra og vera med på.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Gunn Judith Dale/ Kristian Bringedal