Rustne Menn er tildelt oppdraget med musikalske innslag då Sektor for omsorg, helse og sosial inviterer til opne dagar på Rosendalstunet, Husnestunet og Halsnøytunet, dag etter dag med start i morgon tysdag 26. september. Markeringa er ein del av eit utviklingsprosjekt innanfor sjukeheimstensta der ein vil gje informasjon og møta ei framtidig brei brukargruppe. Det overordna tema er det å kunna meistra eige liv og helse lengst mogeleg og kunna bu i eigen heim. Rustne Menn skal ha sine innslag til opning, kl. 11.30 kvar dag på dei tre institusjonane. Gruppa har vald ut ein Bjørn Eidsvåg song og deretter Kleppevik: Tar du med ei helsing som allsong. Særleg på Rsoendalstunet reknar ein med frammøte frå Uskedalen, også av dei som bur fast på heimen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto