Veret var ikkje det beste sist laurdag då Rustne Menn var sett opp med allsongprogram på Huglo. Turen vart utsett ei veke. I morgon kl. 13.00 er difor song- og musikkgruppa frå Uskedalen klar for Allsang på kaien ved Huglabutikken. Turen til Huglo har vore ei årleg hending i om lag ti år. Det starta med Reidar Myklebust, Hans Gustav Mussland og Kristian Bringedal. Seinare kom Svein Rimestad og Tore Nordahl-Pedersen til. I tillegg til kjende allsongar, legg Rustne Menn inn nokre eigne innslag. Allsongane er henta frå songhefte Syng med. Huglabutikken med gode hjelparar legg opp til ei triveleg stund med kaffi og vafler, i ei maritim ramme med båtgjester, hyttefolk og fatsbuande på øya. Alle er velkomne.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Henta frå plakaten på Huglo og frå Facebook Huglabutikken