Koronasituasjonen har gjort det vanskeleg for russen ved KVV halda i gang den kjekke tradisjonen med russerevyar. Då revyen var innøvd og billettsalget godt i gang, måtte revyen i mars først utsetjast til 16. og 17.april. No har russen innsett at den ikkje let seg gjennomføra, og dermed var einaste utveg å avlysa årets revy. Trist for oss publikummarane som hadde gledd oss til dette, men aller tyngst for ungdommane som skulle oppleva dette høgdepunktet i russefeiringa frå scenen.

Mange uskedelingar har opp gjennom åra gjort suksess på russerevyscenen. Det hadde vi heilt sikkert fått oppleva i år og. Etter det vi kjenner til er det 10 russ frå Uskedalen, og 3 av dei 4 i revystyret er uskedelingar. Det er Thea Soltveit Taranger(revysjef), Andrea Hjelmeland og Hanna Tvilde.

Thor Inge Døssland og andre syntes at russen fortente ros i denne krevjande tida, og oppfordra og til å gi støtte ved å senda følgjande til lokalavisene:

Ros til russen og oppfordring til folket!

Pandemien har gjort tida krevjande for mange. Ungdommane ved KVV som er russ, har ikkje fått den russetida dei har sett fram mot. Dette har dei møtt utan sutring og syting, men med kloke valg og ansvarlighet.
Dei har stått på når det har vore mogeleg, og øvde til og med inn russerevyen Lokcdown. Denne måtte dei først utsette, og no hadde dei ikkje anna valg enn avlysing.
Vi hadde gledd oss ekstra til årets russerevy, for vi kjenner til at det er mykje talent i flokken. No er det likevel viktigare å vera ansvarlege og følge smittevernreglane. Vi synes det er rett at russen får behalda det vi har betalt for billettane, og oppfordrar andre til det same. Dei som hadde tenkt å kjøpe billettar i døra, kan jo framleis kjøpe ‘billettar’ og støtte russen i arbeidet for deira gode formål, seier Thor Inge Døssland som talsmann for fleire.

Som eit tillegg kan det nemnast at alle som har kjøpt billettar på førehand får pengane automatisk refundert. Derfor fekk Døssland eit kontonummer då han henvende seg til revysjef Thea S. Taranger. Det er 3330 31 06206, og det kan heilt sikkert andre som vil gi si støtte bruka.

Veldig kjekt var det også å lesa i avisa at Geir Vangsnes, distriktssjef i Kreftforening Vestland, framheva kvinnheradsrussen for at dei hadde utmerka seg spesielt i Krafttak mot kreft. Det er all grunn til å applaudera desse ungdommane.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Frode Sæbø.