Frode Kaldestad, f. 1957, er tildelt Kulturprisen for 2023. Kaldestad er godt kjend i Uskedalen, ikkje minst frå samarbeidet med Røysterett for Alle. Frode Kaldestad har pedagogisk utdanning og har i sitt yrkesaktive liv vore lærar i grunnskulen, seinast i vidaregåande utdanning på Valekrossen skule. Frode har vore aktiv musikar i ei rekkje band, mellom anna i EDO, Riksveg 13, Bambinos, Frode og Bernth og framleis i Husnes Funk Orcherstra. Mange kjenner han som musikal- og revymusikar, men han vert brukt i alle samanhengar og på mange ulike arenarer. Kulturprisen vert delt ut til ein person eller ein organisasjon som over lang tid har vore ein aktiv kulturutøvar til beste for allmenheten i Kvinnherad. Uskedalen.no seier: Til lukka med Kulturprisen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal