Torsdag førstkommande ligg alt til rette for ei koseleg kveldstund i Helgheim. Kl. 19 inviterer nemleg Røysterett for Alle til korkafe med mykje og variert song og musikk som hovudingrediens. I tillegg vil nok også både spennande utlodding med flotte gevinstar, allsong og gode kaker og kaffi vera med og skapa den gode stemninga. Kaffien og kakene er gratis. Dei får gjestene på inngangsbilletten som kostar 100 kroner.
Arrangørkoret vi sjølv synga i to avdelingar. Dei har for tida mykje fint på repertoaret, og dei lovar to publikumsvennlege avdelingar med noko for einkvar smak.
Koret har også invitert musikalske gjester frå skulemusikken. Nils Rainer Vågen, som var ferdig med tre år på musikklina på Stord vidaregåande skule i vår, stiller med solistnummer på euphoniumen sin. I tillegg vil publikum få høyra grupper av nokre av dei yngre og flinke musikantane i korpset.
Alt ligg til rette for ei koseleg kveldstund i Helgheim.
Biletet er frå korkafèen i april.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Kristian O. Bringedal