Røysterett for Alle med sin musikalske leiar, Maria Malmsten, deltek på Kortreff i Ulvik i morgon, laurdag 30. april. Hordaland Korforbund er arrangør og uskedalskoret er eit av ni kor, og det einaste frå Kvinnherad, som er påmeld. Alt kl. 11.30 har Røysterett for Alle si fyrste framføring. Det er på Singers Corner ved Coop bygget i Ulvik sentrum. Etter lunsj går det slag i slag med prøver og konsertar, både profankonsert i ungdomshuset Elvatun og kyrkjekonsert i Ulvik kyrkje. Repetoaret er om lag det same som vart framført på Solidaritetskonsert for Ukraina for vel ei veke sidan. Det som før var store korstemne, er i dag fleire kortreff med eit deltakartal kring 10 kor på kvar av dei. Kora på kortreffet i Ulvik kjem stort sett frå regionane sør for Bergen. Bilete er henta frå den siste korkafeen i Helgheim.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal