Røysterett for Alle saman med Husnes Blandakor - Syng med oss i Kulturhuset Husnes, sundag, kl. 17.00.
For nokre veker sidan var det Korkafe i Helgheim. No er det Husnes Blandakor sin tur med Syng med oss komande sundag i Kulturhuset Husnes. Kora vil som sist framføra eit variert program med eit repetoar av nye og tidlegare innøvde songar. Nokre av songane vert framført med solistar. Av andre innslag nemner vi: Trio Taffel og Kulturskulekoret Mamma Emmas med songelevar. Maria Malmsten er musikalskleiar for begge kora. Inggang: kr. 100,-. Born Gratis. Allsong og åresal. Kaffi og kaker på billetten.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Henta frå plakaten / Arkivfoto