I augneblinken ser det ut til at Coronaviruset er på veg til å roa seg i kommunen.  Etter ei god øving i går kveld, er koret sterkt motivert for å gjennomføra konserten i Uskedalen 09.12. kl. 19.00. For ei god veke sidan var smittesituasjonen så uoversiktleg at konserten i Ølve vart avlyst – eller rettare sagt, utsett til å verta nyttårskonsert 14.01.2022.

Plakaten laga av Invar Pettersen.

Dersom ikkje Omicronvarianten tek heilt av (ikkje reis til Øygarden eller Osloområdet med det fyrste), fylgjer me dei lokale smitteverntilrådingane slik dei til ei kvar tid ligg føre, og satsar på å få sjå så mange som mogleg i kyrkjebenkene komande torsdag.  Førebels er heller ikkje soknerådet sin julekonsert 19.12. avlyst, og Røysterett er også til stades der med 3-4 nummer.

Tekst: Svein Rimestad
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal