I kveld var det Korkafe i Helgheim med Husnes Blandakor og Røysterett for Alle. To av Maria Malmsten sine songelevar i kulturskulen, Avrora Zimina og Erika Skaare Fatland, var solistar og gjesteartistar. Kora sine songar i Helgheim var som ein prøve på porgrammet dei skal framføra på Hordaland korforbund sitt kortreff i Ullensvang laurdag, saman med 10 andre kor. Dei skal vera med på Singers Corner, konsert både i kyrkja og i ungdomshuset Krossvoll. På kvelden er det festmiddag med korinnslag på Ullensvang hotell.

Allsong med Svein Rimestad på gitar.

Røysterett for Alle og Husnes Blandakor har felles musikalsk leiar, Maria Malmsten. Det høver såleis godt med samarbeid og felles prosjekt. På Korkafeen framførte dei heile åtte songar, alt frå Våren av Grieg med Synnøve Larsen som solist til Sivertsen Nordaførr Vårevisa. Oskar Langballe var solist på Bjørn Afzelius Du er den finaste eg veit, ei trygg og sikker framføring. Ave Verum av Mozart er alltid like vakker og mektig. Gro Skeie hadde tonefylgje til nokre av songane.

Gjesteartist Avrora Zimina saman med læraren sin, Maria Malmsten.

Gjesteartistane hadde begge ei solid framføring.

  • Avrora Zimina :Så ta mitt hjerte av Moldestad/ Ditlevsen og Hjerteknuser av Kaizers orkestra
  • Erika Skaare Fatland: Talking to The moon av Bruno Mars og Halleluja av Leonard Cohen
Erika Skaare Fatland var den andre gjesteartisten. Her saman med læraren sin, Maria Malmsten.

Allsong høyrer med på ein korkafe. Svein Rimestad med gitaren sin var forsongar. Han var dessutan kveldens konfransier. Åresal i ein omgang gjev inntekter i kassen og hjelper godt på den daglege drifta av koret.

Det vart ikkje Full Rulle i kveld, men då har vi noko å sjå fram til og gle oss til neste gong.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal