Når ein ser bort frå ein liten medverknad ved vindmøllemarkeringa i Båthamna i haust, har Røysterett for Alle ikkje lete høyra frå seg på over to år. Den siste nedstenginga sette ein stoppar for dei planlagde julekonsertane, noko som fall oss svært tungt for brystet. På den
tida som har gått, har me øvd inn ein del nytt og lødig repertoar, og dette vil me gjerne dela med dykk. Godt akkompagnement har me og på mykje av det nye – Frode Kaldestad på piano. Ein liten bolk med allsong toler de vel?

Arkivfoto frå Røysterett for Alle sin julekonsert 2019.


To elevar frå Kulturskulen vartar og opp med song: Avrora Zimina og Julian Skaale Staveteig. I pausen vert det kaffi og kaker på billetten, og åresal høyrer jo med. Me ser helst at de har kontantar med – VIPPS vert avgiftsbelasta hjå mottakar (oss).


Vel møtt i Helgheim torsdag 07.04. kl. 1900. Det er på høg tid lokala vert fylde att, så ofte som mogleg.

Tekst: Svein Rimestad
Foto/nett: Kristian Bringedal/ Tor Edward Taranger