Røysterett for Alle/Husnes Blandakor fekk god mottaking i Arna kyrkje.
Røysterett for Alle og Husnes Blandakor har vore på bergenstur i helga. Gudsteneste i Arna kyrkje var ein del av programmet. Det vert meldt om god song og godt frammøte i Arna. Kora var også med på kyrkjekaffien. 27 koristar var med på turen.

Svoger til musikalsk leiar, Maria Malmsten, er ein del av staben i Arna kyrkje. Det er noko av bakgrunnen for at koret gjesta Arna. På repetoaret i dag finn vi: Nu rinner solen opp, Blå salme, Kärlekens tid, Ave verum corpus av Mozart Halleluja. Dei song også to satsar frå Jesus Christ superstar og The water is wide.
Arna kyrkje er ei langkyrkje frå 1865 i Indre Arna. Arna er i dag ein bydel i Bergen. Byggverket er i stein og har 500 sitjeplassar. Arkitekt for kyrkja er Fredrik Hannibal Stockfleth.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat