Røysterett for Alle si årsmelding for 2023 fortel om høg aktivitet med Færæyturen og framføring av Mariamusikk som dei mest markerte høgdepunkta. Med felles dirigent med Husnes Blandakor ligg alt vel til rettes for samarbeid, noko som kjem til uttrykk på konsertar og ved at kora låner koristar frå kvarande. Det gode samarbeidet held fram i 2024. Bilete syner deler av styret saman med dirigenten Maria Malmsten. F.v: Bente Elin Nævdal, Maria Malmsten, Sylvi Hjelmeland ( styreleiar ), Oddveig Blomdal og Steinar Naterstad. Arne Myklebust og Lene Taranger, også i styret, var ikkje med då bilete vart teke. Frå årsmeldinga tek vi med:

Frå ein av fleire konsertar på Færøyane
  • Korkafe vår og haust med inviterte gjesteartistar
  • Kortreff i Eidfjord med song på dagen og på kveldsfesten
  • 17. mai med eit maraton opplegg som tok til i kyrkja i Uskedalen og som enda opp i Åkra
  • Kortur til Færøyane med sjølvaste dirigenten Maria som guide
  • Felles seminar med Husens Blandakor for innøving av Mariamusikk
  • Den store framføringa 9. og 10 desember Mariamusikk, med innleigde musikarar. Konsertane let seg gjennomføra med støtte frå SpareBnk stiftinga Kvinnherad.
  • Vårseongen vart avslutta med sommarfest på naustet til Arne Myklebust i Dimmelsvik. Før jul var det tradisjonell avslutning med julebakst

Røysterett for Alle er godt igang med haustprogrammet. Maria Malmsten er dirigent, slik ho har vore i mange, mange år. Ja, faktisk snart 18 år.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Røysterett for alle