Uskedalskoret Røysterett for Alle er klar for den fyrste av tre konsertar på Færøyane. Det er i kveld, fredag 15. september, kl 19.30 i kyrkja i Klaksvik. Neste konsert er i morgon i Finsen i Torshavn før det heile vert avslutta sundag med stor konsert i domkyrkja. Etter byvandring i går har koret vore på busstur i dag med stopp fleire plassar før ein enda opp i Klaksvik. I omtalen, som er skriven på færøyisk, er Maria Malmsten presentert som korleiar. Ho har utdanning frå Griegakademiet i Bergen og er i dag songlærar og musikalsk leiar for fleire kor og ensemble. Det er 20 år sidan Maria Malmsten ei tid budde og jobba på Færøyane. Bilete syner blandakoret Røysterett for Alle. Ikkje alle på bilete er med på turen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Røysterett for Alle