Mange la merke til det rosa nordlyset i går kveld. Nokre var ute med kamera og fekk vakre motiv. Nordlys, også kalla verlys, er synleg på himmelen i dei nordlege polarstrøka. På den sørlege halvkula vert det kalla sørlys. Ofte syner det seg som eit kvitt skin, snart blafrar det opp i fargerike strålar. Årsaka til fenomenet er at elektrisk lada partiklar vert slengde ut frå sola i stor fart. Magnetfeltet kring jorda leier partiklane mot polane. Den rosa fargen kjem av at luftmolekylane har ei høgde over bakken kring 80 – 100 km., noko som er sjeldan lågt.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Randi Mackay/ Anita Enæs