
Ros til Musland Maskin for raskt og perfekt utført arbeid med vegvøle på øvre Feet.
Grunn- og vegeigar på øvre Feet, Torgeir Feet, vil gje dagens ros til Musland Maskin som kjapt var på plassen og starta arbeidet med å rydda og utbetra skaden på vegen til Tresshaugen, etter store vassmengder i regnveret sist veke. Joachim Sjo Musland og Jarle Seberg i Musland Maskin utførte eit perfekt arbeid med pukk, sand, dosering, røyr og ikkje minst rydding ved garasje og på plassen nede ved Fylkesvegen. Dei fortener dagenes ros.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal