Rodde i "strøken" oselvar til Skutefesten.
Gerd Myklebust og Torgeir Øye frå Uskedalen og med feriehus på Snilstveitøy, held på det som har vorte ein tradisjon, nemleg å ro til Skålavikjo for å vera med på skutefesten. Færingen er ein oselevar , bygd på Os i 1950, koparklinka, 19 fot med ror og sprisegl. Robåten er i god stand og vert teken hand om på beste måte. Torgeir har interesse for fartyvern. Han har ei fin båtsamling i si eige. Det tek om lag 45 minuttar å ro frå Øyo til Rosendal. Det hjelper godt på å vera to roarar. Det er god trening og særleg godt for akslene, fortel Torgeir til uskedalen.no. Gerd og Torgeir hadde segl med, men valde å ro begge vegar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat