For ei tid sidan hadde uskedalen.no eit innlegg om ein rhododenro på Eik, hos Bjørgulv Eik, henta på Grønstøl, frakta på motorsykkel og planta på Eik i 1955. No handlar det om ei liknande plante, den største og truleg den eldste i Uskedalen, nemleg den 100 år gamle og kjempestore rhododenroen på Endregård, planta i 1921.

Mange såg innslaget på Vestlandsrevyen for ei veke sidan der det var fokus på ein rhododenro frå ein plass rundt Bergen. Planten med lilla blomar var stor som eit hus, 5 meter høg og med ein omkrins på om lag 38 meter. Det store spørsmålet er: Kor stor er rhododenroen på Endregård ? Eigaren Tor Eik kan ikkje svara nøyaktig, men er positiv til at den som vil ta jobben å måla storleiken, må berre gjera det. Mor til Berit Guddal og Terje Myklebust, Edel, fortalde Tor at rhododenroen var planta tidleg på 1920 talet, anten 1920 eller 1921.

Rhododenroen planta i 1921 og er såleis 100 år i år.

1920 talet var det som vert rekna som hermetikkindustrien sin gullalder i Uskedalen. Direktøren i Concord Canning Co ( CCC ) Endre Grønnestad bygde sommarvillaen Endregård i 1917. Det er i hans tid rhododenroen vart planta. I seinare tid har ei grein brotna og ein avleggjar veks og storleiken aukar.

Det store spørsmålet er: Kor stor er rhododenroen på Endregård ? Kven vil ta jobben med målebandet. Vi må vita høgde og omkrins.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal