Magne Heien frå Voss, bur på Utåker, er ute med diktsamlinga Gjest i 2. opplag. Boka kom ut på Kapabel forlag i 2011. Nyss kom diktsamlinga ut i nytt opplag med 12 nye dikt og 10 nye bilete. Mange kjenner Magne Heien som gymlærar på Kvinnherad vidaregåande skule. No er han pensjonist og sauebonde på Ølfarnes. Mora, Margrete, fødd Haugland, kjem frå Klammeren. Mannen hennar, Johannes, er død. Sjølv bur ho på Palmafossen på Voss og føl godt med på alt som skjer, også i Uskedalen. Johannes var lærar på Vatles Handelsskule. Elevane minnest han som ein god lærar med uvanleg gode talkunnskapar.

Magne Heien med diktboka Gjest.

Magne Heien var nyleg på årsmøte i Kvinnherad mållag og las og synte naturbilete frå diktsamlinga. Inspirasjonen for dikta sine finn han frå arbeidslivet på garden, i skogen og frå turar i fjellet, ofte med sauene i Tveitedalen og på fjellet mot Uskedalen. Du vil også kjenna deg att i dikta skrivne og inspirert frå veglause bygder i Åkrafjorden eller frå turar på Hardangervidda. Dikta er skrivne i ein periode frå 1974 og fram til i dag. Med eigne bilete er boka rikt illustrert.

Magne Heien skriv godt og opplesinga er ekte og overtydande. Boka er å få kjøpt på bokhandelen eller direkte frå forfattaren.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal